Nettverk for smartby-forsking

Saman med dei største forskingsaktørane i regionen har UiS etablert eit nettverk som skal drive tverrfagleg forsking på utvikling av smarte, berekraftige og levelege byar.

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Forskarar

48

Stipendiatar

23

Prosjekt

24

Hugsar du korleis framtida skulle bli?

Smarte og berekraftige byar

Visjonane til framtidas byar er at dei skal utnytte ressursane betre, vere energieffektive og ha smarte løysingar for alt frå heim og bygningar, til overordna infrastruktur. Framtidas berekraftige by krev enda betre og meir heilskapleg byplanlegging.

UiS-nettverket

Saman med dei største forskingsaktørane i regionen har UiS etablert eit forskingsnettverk for smartby, som skal drive tverrfagleg forsking på utvikling av berekraftige og levelege byar.

Nettverket vart etablert for styrke den tverrfaglege forskinga innanfor smartbyutvikling i nært samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale aktørar.

Smartby-nettverket er delt opp i åtte fagområde:

  •     utdanning og kunnskap
  •     kunst og kultur
  •     tryggleik
  •     klima og berekraft
  •     mobilitet og transport
  •     demokrati og medverknad
  •     innovasjon og entreprenørskap
  •     data og telekommunikasjon

Med desse temaa ønskjer universitetet å hjelpe til å skape nye smarte løysingar som fører til meire berekraftige og levelege byar og regionar.

Regionalt samarbeid

Fleire kommunar i stavangerregionen har smartby som prioritert satsing. Særleg har Stavanger kommune teke ei leiande rolle i denne satsinga med Smartbyen Stavanger.

Regionen er også sentrum for ei nasjonal næringsklyngje for smartby og den største smartby-konferansen i Norden, Nordic Edge.

Forskingsnettverket samarbeider tett med kommunar og næringsliv for å utvikle Stavanger som førande på smartbyløysingar og smarte teknologiar.

Unge forskarar

Stipendiatgruppa består for tida av 15 medlemmar. PhD-kandidatane møtest regelmessig for å diskutere forskinga og organisere workshops, seminar og kurs om smart og berekraftig byutvikling. Alle doktorgradsstudentane blir oppfordra til å samarbeide på tvers av fagområde. Hvis du er stipendiat eller postdoktor og interessert i å kome til Universitetet i Stavanger for eit forskingsopphald, er du velkomen til å kontakte oss.

Medlemmar i nettverket

Kontakt
Leiar av smartby-nettverket

Anders Riel Müller

Administrativ kontakt

Elena Sikveland

Følg oss på Twitter

@smartcityuis

Følg oss på Facebook

facebook.com/smartcityuis

Smartby-nettverket ved lanseringa i januar 2020.

Styringsgruppe

Troels Gyde Jacobsen, innovasjonsdirektør

Odd Magne Bakke, dekan ved Fakultet for utdanning og humaniora

Øystein Lund Bø, dekan ved Det teknisk-naturvitenskaplege fakultetet

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, leiar av Senter for innovasjonsforsking

Stig Finnesand, direktør i Nordic Edge

Elin Schance, leiar av Grønn By

Vitenskapelig komité

Harald Nils Røstvik, professor, Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Truls Eric Johan Engstrøm, førsteamanuensis, Norsk hotellhøgskole, Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Hege Ingjerd Hollund, førsteamanuensis, Arkeologisk museum.

Kenneth Arne Pettersen Gould, førsteamanuensis, SEROS, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Barbara Maria Sageidet, førsteamanuensis, Institutt for barnehagelærerutdanning, Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Kristiane Marie Fjær Lindland, førsteamanuensis, Institutt for medie- og samfunnsfag, Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Gianfranco Nencioni, førsteamanuensis, Institutt for data- og elektroteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Silje Henriette Amalia Normand, førsteamanuensis, Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora og leder av DEMCI.

Tatiana Iakovleva, professor, Handelshøgskolen ved UiS, Avd. for innovasjon, led. og mark.føring.

Knut Erik Giljarhus, professor, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Todor Milkov Kesarovski, PhD-kandidat, Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, PhD-representant.

Relaterte saker:

6 millioner kroner til bærekraftige UiS-prosjekt

To nye prosjekter ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet har fått til sammen 6 millioner kroner i støtte over fire...

Nytt samarbeid skal identifisere smartby-prosjekt

Eit samarbeid mellom universitetet, næringslivet og offentleg sektor skal finne ut kva utfordringar regionen kan løyse v...

Internasjonal pris til Senter for innovasjonsforskning

Senter for innovasjonsforskning er tildelt prisen Regional Studies Institutional Ambassador Award 2020. Prisen gis til f...