Organisk kjemi (KJE230)

Organisk kjemi er ein fundamental del av kjemien, og er naudsynt for å forstå kjemiske/biologiske reaksjonar og prosessar. Dette kurset gir fundamental kunnskap innan organisk kjemi og ein teoretisk basis for vidare studiar der kunnskap innan kjemi er forventa.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

KJE230

Versjon

1

Vekting (stp)

5

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Organisk kjemi er ein fundamental del av kjemien og naudsynt for å forstå kjemiske/biologiske reaksjonar og prosessar, samt dei grunnleggjande prinsippa bak berekraft og klima slik dei er definert i FNs berekraftsmål. Spesielt gjeld dette måla 1, 2, 3, 4, 6, 7, 9, 11, 12, 13, 14 og 15. Følgjande tema er behandla: Bindingsforhold, isomerar og stereoisomerar, dei viktigaste funksjonelle gruppene, IUPAC-namnesystemet for namngjeving av organiske molekyl, fundamentale reaksjonsmekanismar og samanhengen mellom struktur og reaktivitet. Kurset gir også ei kort innføring i spektroskopiske metodar og NMR.

Læringsutbytte

Studenten skal forstå korleis organiske molekyl er bygde opp av atom, og korleis oppbygginga påverkar reaktiviteten til molekyla. Studenten skal kunne vise ved mekanismar korleis elementære reaksjonar som polar addisjon, EAS, SN1/SN2, forestringar og acetaldanningar føregår. Denne kunnskapen skal studenten kunne bruke til å føreseie produktet av reaksjonar samt å foreslå enkle syntesar av molekyl. Studenten skal kunne identifisere kirale senter og bestemme kiraliteten til molekyl samt namngje molekyl etter IUPAC-systemet. Studenten skal kunne føreseie viktige IR-frekvensar og anslå NMR-spektra frå strukturen til eit molekyl.

Forkunnskapskrav

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

KJE150 Generell kjemi
Det er forventa generelle kjemikunnskapar tilsvarande KJE150 Generell kjemi eller eit liknande kurs.

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen 1/1 Bokstavkarakterar

Slutteksamen blir gjennomført elektronisk på Inspera, men delar av eksamen blir besvarte på svarark.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Øvingsoppgåver
Kurset har vekentlege nettbaserte øvingsoppgåver. Desse er obligatoriske, og det krevst at minst 70% av dei obligatoriske oppgåvene er gjort.

Fagperson(er)

Arbeidsformar

Førelesingar og mikrogruppeoppgåver i løpet av førelesingane. Vekentlege elektroniske øvingsoppgåver.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Organisk kjemi 1 (KJE200_1) 5

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto