Deprecated function: Creation of dynamic property Drupal\publication_date\PublishedAtOrNowComputed::$value is deprecated in Drupal\Core\TypedData\TypedData->setValue() (line 102 of core/lib/Drupal/Core/TypedData/TypedData.php).
Her finn du informasjon og ressursar til bruk i kollegiet og klasserommet. Lesing i fag handlar om å finna informasjon, ha evna til å tolka og reflektera kritisk.
PublisertSist oppdatert
Lesing er ikkje noko som berre tilhøyrar norskfaget. Dei fleste fag nyttar lesing i ei eller anna form. Når elevane møter tekstar i ulike fag med formål om at dei skal læra faget, kan lesinga opplevast som meiningsfull. Tekstar i ulike fag har sine unike utfordringar og her kan du lese meir om den fagspesifikke lesinga. Det å lesa i eit fag, uansett kva for eit fag det er, gjeld det å kunna finna informasjon, for vidare å tolka og reflektera kritisk rundt informasjonen.
På denne sida har vi samla ressursar som viser korleis læraren kan støtta elevane i møte med tekst blant anna gjennom å stilla spørsmål til teksten. Denne metoden kallar vi veileda lesing og den kan brukas på alle trinn. Her finn du hefte og webinar som forklarar metoden. I webinara er det i tillegg dømer frå klasserommet til lærar Lotte som viser korleis ho og klassen hennar arbeider med ulike tekstar.