NVivo er eit godt verktøy for deg som skal jobba med kvalitative data, til dømes intervju, spørreundersøkingar, artiklar eller data frå sosiale media. Programmet hjelper deg med å effektivisera og strukturera prosessen med å analysera datamaterialet ditt. På denne workshopen vil du læra dei grunnleggande funksjonane slik at du kan bruka Nvivo til å analysera ditt eige datamateriale.
Kurs og rettleiing i NVivo
Universitetsbiblioteket i Stavanger tilbyr kurs og rettleiing i NVivo for studentar og tilsette ved UiS.
Før du kjem på kurs må du lasta ned og installera NVivo.
Gå til vår hjelpeside i Canvas for meir informasjon om NVivo
Workshop i NVivo
På denne workshopen lærer du dei grunnleggjande funksjonane i NVivo. Du blir kjent med brukargrensesnittet og lærer å importera ulike typar data. Du lærer forskjellige måtar for koding og får øvd deg i å bruka desse. Vidare ser me på korleis ein kan foreta ulike spørringar basert på kodingane ein har gjort og korleis ein kan visualisera data.
Målgruppe: Masterstudentar, PhD-stipendiatar og tilsette ved UiS. Studentar som skriv bacheloroppgåve er òg velkomne Utstyr: Laptop med NVivo installert Undervisningsform: Workshop Krav til forkunnskapar: Ingen, men det er ein fordel om du har grunnleggjande kunnskap om metode/forskningsdesign.
Etter kurset skal du kunne:
- Starte eit nytt prosjekt
- Kjenna til arbeidsflaten og kor du kan finna ulike verktøy
- Importere tekst, video/lyd og bilete/PDF
- Kjenna til ulike metodar for koding av data
- Transkribera i Nvivo
- Laga hugselappar og refleksjonsnotat
- Enkel datavisualisering
Spørsmål om NVivo? Ta kontakt:
Kurs og arrangement ved biblioteket
Lesestund – Shared Reading i biblioteket
Tir. 18.03.2025
14:15-15:30
Drop-in veiledning for deg med lese- og skrivevansker eller ADHD
Ons. 19.03.2025
12:00-13:00
Bokklubb – Skråninga av Carl Frode Tiller
Ons. 19.03.2025
18:00-20:00
Lesestund – Shared Reading i biblioteket
Tir. 25.03.2025
14:15-15:30
Lesestund – Shared Reading i biblioteket
Tir. 01.04.2025
14:15-15:30
Grunnleggende søkekurs for helse- og sosialfag
Ons. 02.04.2025
10:15-12:00
Argumentasjon: Slik overbeviser du leseren (workshop)
Tir. 08.04.2025
10:15-12:00
Lesestund – Shared Reading i biblioteket
Tir. 08.04.2025
14:15-15:30
Bokklubb: Factfullness av Hans Rosling
Ons. 23.04.2025
18:00-20:00
Slik redigerer du oppgaven din (workshop)
Tir. 29.04.2025
12:15-15:00
Redigere oppgave: Strategier for redigering og korrektur (EN)
Tir. 13.05.2025
09:15-12:00