Emne

Masteroppgave (MLEMAS)


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2013-2014. Merk at det kan komme endringer.

Se emnebeskrivelse og eksamens-/vurderingsinfo for dette studieåret (2024-2025)

Semesters

Fakta

Emnekode

MLEMAS

Vekting (stp)

60

Semester undervisningsstart

Høst

Undervisningsspråk

Norsk

Antall semestre

2

Vurderingssemester

Vår

Innhold

Masteroppgåva i lesevitskap utgjer 60 poeng av masterstudiet. Den er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø, fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare. Oppgåva skal normalt vere på mellom 85 og 115 sider utanom tabell og vedlegg. Oppgåva skal skrivast på 12 punkt Times New Roman og ha linjeavstand 1.5.

 

Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne, i samråd med rettleiar. Emnet kan vere innafor alle område som er omhandla i pensum og undervisning første året. Etter særskilt vurdering kan det også vere at kandidaten kan få skrive oppgåve om emne som ikkje direkte er tekne opp i første studieåret på mastergraden, men som det likevel er grunnlag for gjennom den bakgrunnen studenten har skaffa seg første studieåret eller tidlegare. Det kan òg vere mogleg å skrive om emne som er fagovergripande mellom masterområda. Det vil i alle tilfelle vere forbehald om rettleiingskapasitet og gjennomførbarheit av arbeidet. Ein ser gjerne at studentane byggjer på materiale dei sjølv har samla inn.

 

Språkføringa i masteroppgåva skal vere del av vurderingsgrunnlaget. Der studenten før har gjennomført minst fire emne-prøver på ei av målformene bokmål eller nynorsk, skal masteroppgåva vere på den andre målforma.

Studenten skal i samråd med rettleiar leggje opp eit eige særpensum på minimum 750 sider i tilknytnad til masteroppgåva. Etter at oppgåva er godkjend av eksamenskommisjonen, skal studenten halde ei førelesing i eit emne med utgangspunkt i særpensumet.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:  

  • ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført, slik at ein i arbeid med eit overkomeleg materiale kan oppnå erfaring som har overføringsverdi til andre område.

 

Ferdigheter: 

  • vite korleis eit velforma eksempel på forsking i faget lesevitskap (nordisk variant) ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
  • vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
  • vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
  • vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.

 

Generell kompetanse: 

  • ha fått innsyn i feltet lesevitskap, teoretisk og praktisk.
  • ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt.

Forkunnskapskrav

Gjennomført første år av masterstudiet.

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel Exam system Withdrawal deadline Exam date
Masteroppgave og muntlig eksamen 1/1 Bokstavkarakterer Alle Inspera assessment 01.04.2013


Omfanget på oppgåva skal vere 85 - 115 sider utanom tabell og vedlegg, 12 punkt Times New Roman og linjeavstand 1.5. Førelesinga skal vere på 45 minutt.

Førelesinga må vere godkjend og kan justere karakteren på masteroppgåva med ein karakter.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Deltaking på arbeidsseminar (75%), Godkjend prosjektskisse, Individuell sjølvvald pensumliste (særpensum) ca. 750 sider
Oppgåveemnet og arbeidet undervegs er forventa presentert for medstudentar og faglærarar i arbeidsseminar; det vil også verte gjeve metodekurs som fortløpande tek opp dei relevante metodologiske problema i oppgåveskrivinga til studentgruppa.

Fagperson(er)

Faglærer:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformer

Arbeidsseminar, rettleiing.

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk og lesevitenskap - masterstudium - deltid Nordisk og lesevitenskap - masterstudium

Litteratur

Særpensum i tilknytnad til masteroppgåva og førelesinga med tekstar på til saman ca. 750 sider.
Emnebeskrivelsen er hentet fra Felles studentsystem Versjon 1