Emne
Masteroppgave (MLEMAS)
Masteroppgåva i lesevitskap er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø, fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2014-2015. Merk at det kan komme endringer.
Semesters
Fakta
Emnekode
MLEMAS
Vekting (stp)
60
Semester undervisningsstart
Høst
Undervisningsspråk
Norsk
Antall semestre
2
Vurderingssemester
Vår
Innhold
Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne, i samråd med rettleiar.
Språkføringa i masteroppgåva skal vere del av vurderingsgrunnlaget. Der studenten før har gjennomført minst tre emne-prøver på ei av målformene bokmål eller nynorsk, skal masteroppgåva vere på den andre målforma.
Studenten skal i samråd med rettleiar leggje opp eit eige særpensum på minimum 750 sider i tilknytnad til masteroppgåva. Etter at oppgåva er godkjend av eksamenskommisjonen, skal studenten halde ei førelesing i eit emne med utgangspunkt i særpensumet.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap:
- ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført, slik at ein i arbeid med eit overkomeleg materiale kan oppnå erfaring som har overføringsverdi til andre område.
Ferdigheter:
- vite korleis eit velforma eksempel på forsking i faget lesevitskap (nordisk variant) ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
- vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
- vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
- vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.
Generell kompetanse:
- ha fått innsyn i feltet lesevitskap, teoretisk og praktisk.
- ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt.
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel | Exam system | Withdrawal deadline | Exam date |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgave og muntlig eksamen | 1/1 | Bokstavkarakterer | Alle | Inspera assessment | — | — |
Omfanget på oppgåva skal vere 85 - 115 sider utanom tabell og vedlegg, 12 punkt Times New Roman og linjeavstand 1.5. Førelesinga skal vere på 45 minutt.
Førelesinga må vere godkjend og kan justere karakteren på masteroppgåva med ein karakter.