IGIS utdannar grunnskulelærarar og tilbyr idrettsstudiar, samt masterutdanning i spesialpedagogikk. Instituttet har óg eit rikt tilbod innan etter- og vidareutdanning.
Om instituttet
Me arbeider med undervisning, forsking og formidling innanfor felta lærarutdanning, spesialpedagogikk og idrett.
Instituttet har fleire studieprogram som dekkjer både master- og bachelornivå, samt etter- og vidareutdanning.
Me har eit omfattande forskings- og utviklingsarbeid knytt til utdanningsområda våre, der kjerneområda er pedagogikk, fagdidaktikk, spesialpedagogikk og idrettsvitskap. Gjennom kunnskap, kompetanse og praksiserfaringar ønsker vi å ruste studentane våre best mogleg til å møte arbeidslivet.
Me samarbeider tett med praksisfeltet og arbeidslivet gjennom ulike partnarskapsavtalar, og er ein stor regional aktør i vidareutdanning og i kompetanseutvikling i skulen. Dette skjer mellom anna gjennom desentralisert ordning for lokal kompetanseutvikling.
Instituttet er óg involvert i utvida partnarskap med utvalde universitetsskuler og universitetsbarnehagar i regionen med mål om å styrke mellom anna praksisstudiet for grunnskulelærarstudenter.
Instituttet sine forskarar samarbeider med andre miljø ved UiS, har sentrale roller i norske nettverk og har eit internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid med institusjonar i ei rekke land.
Studietilbod
Instituttet tilbyr masterutdanning innanfor grunnskole, spesialpedagogikk, idrettsvitskap, migrasjon og internasjonale relasjonar i tillegg til fleire bachelorutdanningar, årseiningar og vidareutdanningar.

5-årig masterutdanning
Som valfag tilbyr vi kjernefaga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, i tillegg til drama, kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk, KRLE og digital didaktikk på barnetrinnet.
3-årig masterutdanning (deltid)
- Erfaringsbasert master i fagdidaktikk (for deg med fireårig lærarutdanning)
2-årig masterutdanning
3-årig bachelorutdanning
Årseiningar
Vidareutdanningar
Forsking og utvikling ved IGIS

Kjerneområda for forskings- og utviklingsarbeidet er pedagogikk, fagdidaktikk, spesialpedagogikk og idrettsvitskap.
Me har eit omfattande forskings- og utviklingsarbeid knytt til utdanningsområda våre. Instituttet har tre strategiske programområder for forsking, fleire forskingsgrupper og anna tverrfagleg forskingssamarbeid. Sjå meir om dette under.