Emne

Politisk teori (BST115)


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2012-2013

Se emnebeskrivelse og eksamens-/vurderingsinfo for dette studieåret (2024-2025)

Semesters

Fakta

Emnekode

BST115

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Høst

Undervisningsspråk

Norsk

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Høst

Innhold

Emnet gjeld ulike filosofiske perspektiv på kva som er rettferdig politikk. Det handlar om korleis tenkjarar i den politiske historia samt viktige moderne tenkjarar har argumentert om korleis samfunnet bør vere. Ulike idear om ein rettferdig bruk av statsmakta utgjer evalueringsstandardar ein kan bruke for å vurdere aktuell politikk. Liberal teori står sentralt. .Det vert også presentert retningar som frå ulike vinklar utfordrar den liberale politiske teorien. Aktuelle kontroversar i politisk teori vert belyst og drøfta.

Læringsutbytte

Studenten skal ved studieslutt kunne

  •  gjere greie for sentrale tema i den politiske tenkingas historie
  • gjere greie for hovudretningar innanfor moderne politisk teori
  • bruke politisk teori i analyse av aktuelle politiske tema
  • skriftleg framstelle eit aktuelt emne i lys av relevant politisk teori

drøfte eit emne sjølvstendig ved å bruke omgrep frå politisk teori

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel Exam system Withdrawal deadline Exam date
Hjemmeeksamen 1/1 3 Dager Bokstavkarakterer Alle Inspera assessment 01.09.2012


Heimeeksamen over tre dagar med oppgitt problemstelling. Omfang: 3000 ord. Det er krav om obligatorisk deltaking i oppgåveseminar før oppmelding til eksamen (sjå dette punkt).

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Seminarer, Gruppearbeid
Alle må ha deltatt i gruppe og framlagt gruppearbeid (maks 3000 ord) og ha deltatt i kommentatorgruppe. Gruppearbeidet er eksamensførebuande.

Fagperson(er)

Arbeidsformer

Arbeidsformene består av forelesingar og oppgåveskrivingsseminar. Nokon forelesingar byggjer på føregåande gjennomgått stoff. Det vert forventa at studentane følgjer progresjonen i opplegget og arbeider sjølvstendig med stoffet gjennom heile emneperioden.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Demokratiteori og politisk teori (BST110_1) , Politisk teori (BST115_1) 10

Åpent for

Statsvitenskap - bachelorstudium
Enkeltemner ved Det samfunnsvitenskaplige fakultet
Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Evaluering skjer i tråd med fakultetets praksis, vanlegvis gjennom skjema og/eller samtaler etter gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Dahl, Robert A. (1998). On Democracy. New Haven and London: Yale University Press. S.1-80. 80 sider.

Kymlicka,W. (2002). Contemporary Political Philosophy Second edition. Oxford UK: Oxford University press. Kapittel 5 (Marxism), 7 (Citizenship theory), kapittel 8 (Multiculturalism) og 9 (Feminism); side 166-202 og 284-420. 171 sider.

Pedersen, Jørgen (red.) (2010). Moderne politisk teori. Pax forlag. Innledning; kapittel 1-5, 7, 8. Side 7-141, 165-205. 175 sider.

Swift, Adam (2006). Political philosophy. A Beginner´s Guide for Students and politicians. (2. Utg). Polity. 184 sider.

Østerud, Øyvind (2007 (1991)). Statsvitenskap. Innføring i politisk analyse. 4.utgave. Universitetsforlaget. Kapittel 17. Side 182-193. 11 sider.

Totalt: 610 sider.

Pensum blir supplerert mellom anna om emne frå den politiske tenkingas historie.

Det vil bli orientert om supplementet før semesterstart.

Emnebeskrivelsen er hentet fra Felles studentsystem Versjon 1