Nordisk og lesevitenskap - masterstudium
Dette er studieprogrambeskrivelsen for studieåret 2012-2013
Semesters
Fakta
Emnekode
120
Studieprogramkode
M-LESEVIT
Studienivå
Mastergrad iht §3, 2 år
Fører til grad
Master i nordisk og lesevitenskap
Heltid/deltid
Heltid
Varighet
4 Semestre
Grunnstudium
Nei
Undervisningsspråk
Norsk
Fra høsten 2012 blir dette studiet tilbudt både som fulltidsstudium over to år og deltidsstudium over fire år. Undervisningen vil gå samtidig både for fulltids- og deltidsstudenter på dagtid.
Lesing er sett frå ei side ein teknisk dugleik, tileigna gjennom læring av kodar for å skjøne teikn og strukturar av meining, men det er også ein omfattande kognitiv prosess, bunden opp til kulturelle føresetnader og alltid del av sosiale praksisar. Med lese- og skrivepraksisar endrar personen seg, samfunnet endrar karakter, det oppstår institusjonsdanningar, det oppstår skilje mellom folk, men også betydelege mulegheiter for demokratiseringsprosessar og utjamning av sosiale og økonomiske skilje. Internasjonalt er det større og større interesse for å vinkle studia i nasjonalspråksfaga i retning av å utvikle større forståing for tilhøvet mellom tekstbruk i gamle og nye medium og sosiale prosessar, noko som gjer at feltet "literacy" (den engelske termen for lesevitskap eller skriftkultur) også er blitt eit omfattande internasjonalt og tverrdisiplinært møtepunkt. Studiet av lesing har historiske, sosiale, teoretiske, didaktiske/læringsorienterte og praktiske sider, og ein legg i studiet vekt på å kunne dekkje inn dei mest relevante emna på ein slik måte at studentane får eit godt oversyn over feltet.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Den ferdig utdanna kandidaten skal
- ha god kjennskap til sentrale internasjonale og nasjonale orienteringar og diskusjonar innafor forsking, undervisning, tilrettelegging og institusjonsbygging kring lesing
- kjenne hovuddraga i historia om lesing frå antikken til notida, og kunne utnytte denne kunnskapen til å analysere kulturhistorisk og sosial endring knytta til lese- og skrivekunne og organiseringa kring tekstbruk i samfunnet
- kjenne til aktuell tekstvitskapleg, språkvitskapleg, kulturhistorisk og samfunnsfagleg forsking kring kva funksjonar lesing og skriving har i kulturen
Ferdigheiter:
Kandidaten skal
- vere i stand til å analysere prosessar som involverer lesepraksisar,
- vere i stand til å rådgje visse institusjonar og bidra aktivt til problemløysing i særskilte arbeidssituasjonar der lesing inngår
- kunne uttrykkje seg klart, sjølvstendig og med samanhengande grunngjevingar, på båe dei offisielle norske målformene om naudsynt, privat og offentleg om dei relevante emna dette studiet gjev tilgang til
- kunne formidle vidare og delta i vidarutviklinga av kompetansen studiet rettar seg mot å utvikle
Generell kompetanse:
Kandidaten skal
- kunne forstå vesentlege trekk i moderniseringsprosessane
- kjenne til tilgangsmåtar for relevant kunnskap og vere merksam på kvar ein kan gå vidare i analysen innafor eit felt som er i sterk kunnskapsmessig og kognitiv endring
- vite kva for metodar og tilnærmingsmåtar som er relevante i ulike samanhengar, og også kjenne noko til feilaktige oppfatningar i feltet og dermed unngå feilvurderingar
ha eit balansert og sjølvstendig grunnlag for å vurdere multikulturalitet, multimodalitet, tilhøve som samanhengen mellom historie og samtid, individ og samfunn, teori og praksis, nasjonalt og internasjonalt i utviklinga av skriftkulturen.
Fagplan
Studiet er delt i to: Eit fyrste år med innføringar som grunnlag for breiddekunnskapar og for å kunne gjere val om spesialisering i det vidare studiet, til saman seks emne, kvart på 10 studiepoeng, og eit andre år som også utgjer 60 poeng i seg sjølv: Masteroppgåve.
1. år
Haust:MLE300 Tekstvitskap, historie og samfunn (10 sp)
MLE310 Tekstformer, leseforståing og modernitet (10 sp)
MLE320 Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer (10 sp)
Vår:
MLE330 Humanistisk fagteori og metoder (10 sp)
MHI350 Minnestudier (valemne) (10 sp)
MLE340 Lesing og fortolking (valemne) (10 sp)
MSP109 Heilskaplege perspektiv på utvikling av språklege ferdigheiter ( valemne) (10 sp)
MLI390 Integrated perspectives on literacy and written language skills (valemne) (10 sp)
MLI360The Linguistics of Writing (valemne) (10 sp)
2.årMasteroppgåve
I det fyrste semesteret av studiet vert det gjeve undervisning i tre emne som alle er obligatoriske. I andre semesteret er ett emne obligatorisk;¿Humanistisk fagteori og metoder¿. Emnet er sams med masterstudiet i historiedidaktikk.
Valemnet "Minnestudier" tek opp diskusjonen om bruk og framstilling av fortida, historiske hendingar eller figurar i ulike litterære, kulturelle eller politiske samanhengar. Emnet er sams med masterstudiet i historiedidaktikk.
Valemnet "Lesing og fortolking" tek for seg litterær tekstteori og er eit naturleg framhald frå emna i haustsemesteret for dei som ynskjer å spesialisere seg i retning av litterær tekstanalyse.
Studentane har også høve til å velje to emne frå (det engelskspråklege) Literacy-studiet: "The Linguistics of Writing" og "Integrated perspectives on literacy and written language skills".
Lesesenteret gjev tilbod om emnet "Heilskaplege perspektiv på utvikling av språklege ferdigheiter", ein norsk versjon av "Integrated perspectives on literacy and written language skills". Emnet er ein del av masterprogrammet i spesialpedagogikk og er ope for studentane på lesevitskap.
Det andre året er ein individuell forskingsdel og er såleis konsentrert om oppgåveskriving ¿ med seminar som skal vere til hjelp for den einskilde og studentgruppa som heilskap i prosessen. Undervegs i arbeidet med emna fyrste året reknar vi med at det utkrystalliserer seg spesifikke interesser hos studentane for område dei ynskjer å arbeide vidare med i masteroppgåva, og vi vil rettleie og også drøfte innafor rammene av arbeidsseminaret idear og spørsmål som kjem opp i så måte.
Undervisninga vil normalt gå føre seg på dagtid. Undervisninga vil veksle mellom faglege førelesingar, arbeidsseminar (oppgåvekurs) og rettleiing.
Rammeplan
Hva kan du bli?
Masterstudiet i lesevitenskap kan være grunnlag for en rekke yrkesvalg, for eksempel innenfor ut-danning, media, bibliotek, forlagsarbeid og offentlig administrasjon.Studieplan og emner
Oppstartssemester: 2011
-
Master i lesevitenskap - obligatoriske emner
-
Tekstvitenskap, historie og samfunn
Første år, semester 1
-
Tekstformer, leseforståelse og modernitet
Første år, semester 1
-
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer
Første år, semester 1
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer (MLE320)
Studiepoeng: 10
-
Humanistisk fagteori og metoder
Første år, semester 2
-
Masteroppgave
Andre år, semester 3
-
-
Valgbare emner - 20 studiepoeng
-
Tekst, minner og historie: innføring i minnestudier
Første år, semester 2
Tekst, minner og historie: innføring i minnestudier (MHI350)
Studiepoeng: 10
-
Lesing og fortolkning
Første år, semester 2
-
The Linguistics of Writing
Første år, semester 2
-
Integrated perspectives on literacy and written language skills
Første år, semester 2
Integrated perspectives on literacy and written language skills (MLI390)
Studiepoeng: 10
-
Helhetlige perspektiver på utvikling av skriftspråklige ferdigheter
Første år, semester 2
Helhetlige perspektiver på utvikling av skriftspråklige ferdigheter (MSP109)
Studiepoeng: 10
-